Bokanmeldelse: Barnets Helsebok
I “Barnets Helsebok” kan du samle all informasjonen om barnets helse på ein stad. Du finn informasjon om barnesjukdommer, sjukdom hos barn, vaksiner, tannhelse osv. og du kan fylle ut alt du treng når det gjeld barnets helse.
Den inneheld rubrikker til å gjere notater om:
- Barnets vekst
- Besøk på helsestasjonen
- Vaksiner
- Sjukdommer i luftvegane
- Barnesjukdommer
- Småplager og anna sjukdom
- Legebesøk
- Medisiner
- Opphald på sjukehus
- Tannhelse
- Milepæler
- Morsomme opplevingar
Glimt fra boka:
Plastlommer til diverse papirer
Percentilkurver
Boka har fine illustrasjoner og er inndelt etter tema
Mange rubrikker man kan fylle med informasjon og ting man vil hugse
Informasjon om td. barnesjukdommer
Informasjon om tenner og tannhelse
Eg syntest Barnets Helsebok var ei fin bok. Eg har alltid pleid å skrive ned ting vi har snakka om på helsestasjonen som eg vil hugse, kvifor vi var hos legen og kva som skjedde der, korleis det gjekk hos tannlegen o.l og då er dette ei super bok å samle alle desse notatane i. Eg har ofte sett tilbake på det eg har skreve når eg td ville sjå kortid barnet var hos tannlege eller lege sist, eller kva sjukdommer barnet har hatt.
Eit lite øyeblikk tenkte eg at det kunne vore greit å ha berre ei bok der man kunne skrive om alle barna man har på ein stad. Men så kom eg til å tenke på at det er greit å ha ei bok pr barn fordi det då er lettare å finne fram til den rette informasjonen når man treng den, og fordi barna kan få med seg denne når dei blir store.
Den er også praktisk i travle kvardager der mor følger barnet til legen/tannlegen ein dag og far ein anna. Eller for barn som har fraskilte foreldre, ved bytte av fastlege, flytting og under ferieopphald.
Kategori: Baby