Familiehjem: Hjemme hos “Den gode feen”!


|


6. desember 2011


| 6 Kommentarer

• Navn/alder: Berit Sæbø, 37
• Opprinnelig fra Halsnøy i Sunnhordland
• Etter 16 år i Bergen bur dei på fjerde året i Stavanger
• Sambuar, tre barn (Samson, Alma og Simon)
• Skriver bloggen og driver Eplabutikken Den gode feen.

Berit og familien bur i rekkehus frå ’50-tallet med tre soverom og eit bad. – Me bur trangt, men godt, seier ho. Huset er totalrenovert utvendig, og alle overflater innvendig er pussa opp.

Korleis vil du skildre heimen din?

Stikkorda må vere kvitt, fargerikt, svart, retro, nostalgi. Interiøret er lyst, med både svarte og fargerike detaljar som kontrast. Det er nok prega av at her bur det små aktive barn. Eg er veldig opptatt av at dette er eit hus som me alle skal LEVE i. Det må vere rom både for mannen sine el-gitarar, banjoer og ungane sine leiker. I eit trangbudd hus vert det fort kaotiske tilstandar; eg er derfor opptatt av å halde det noko lunde ryddig

Kor finn du inspirasjon til heimen?

Eg har alltid blitt veldig inspirert av danske interiørblad, men og mange norske er gode. Ellers finn eg inspirasjon i mange kjekke bloggar, og eg har mange inspirerande og flinke venninner.

Kva er din favorittstad i huset?

Sofakroken er nok favoritten vår. Her slappar me av, kosar med ungane og har den gode praten. Eg elskar å krølle beina opp under meg med eit strikketøy og varm te i koppen. Målsetjinga mi er at eg skal få tid til det oftare.

Beste oppbevaringstips?

I gangen bygde eg ein benk av ei hobbyplate frå vegg til vegg inni ei nisje. Under denne benken har me tre store korger – ei til kvar unge. Oppi korgene slengjast barnehage- og skulesekkar, svømmebriller og treningsutstyr. Utruleg greit – for då veit me alltid kor for eksempel turndrakta eller boksehanskane er, samtidig som at gangen no er mykje ryddigare. Ei diger korg til huer og ei til sko er også super oppbevaringshjelp.

Korleis legg dykk til rette for at barna skal føle seg vel heime hos dykk?

Ved å ikkje vere hysterisk redd for tinga våre. Me kjøpte billig og greit spisebord frå Ikea i stadan for dyrt og eksklusivt designbord. Då er det ikkje krise om det teiknast med tusj eller sølast med solbærsaft på det. Sofatrekk som kan vaskast, gulvtepper i plastmateriale, masse plass til oppbevaring av leiker og hobbyutstyr.

Kva kunne familien din ikkje levd utan?

Me kunne ikkje leve utan kvarandre ? Reint materialistisk er støvsugar, vaskebøtte og moppestativ fundamentalt viktig i vår familie. Eg kjem ikkje på noko anna som me ikkje hadde klart oss utan…”

Kva er den største utfordringa med heimen din?

Det må være plassmangel. På sikt treng me eit ekstra soverom, og kunne også hatt glede av eit ekstra baderom og kjellarstove. Me har uinnreda loft og kjellar, så dette let seg forhåpentlegvis gjere om nokre år.

Stikkord: , Hjem, , ,

Kategori: Familiehjem

Kommentarer (6)

Trackback URL | Comments RSS Feed

    1. ca.strømsnes sier:

      Utrolig koselig og flott hjem dere har og så godt å se et hjem, i en blogg, der man kan se at det faktisk bor mennesker som lever, puster, spiser & leker;)
      Likte hobbyplate-benken veldig godt. Det er et tips jeg skal ta med meg på veien.

      God adventstid til dere i Rekkehuset i Stavanger
      My recent post Hva har du i ryggsekken?

    1. Tusen takk. Tusen takk for fint innlegg, og tusen takk for kjekk kommentar. Ler litt over alt rotet på bileta, som på ein måte motbeviser teksten. At eg er opptatt av å ha det ryddig, ha ha.
      My recent post Julekuler i fleng på lite tre

    1. Så flott innlegg og fine inspirerende bilder..
      Mange gode oppbevaringstips var det også..

      Takk
      My recent post This year`s first snow. Jippi ! Glede !

    1. gunnmeis sier:

      rot..? ser bare lek og glade mennesker jeg, i et FLOTT hjem! herlig ?
      My recent post adventstid

Legg igjen en kommentar






CommentLuv badge