Innlegg av Berit {Berits sted}

Nokre gonger kan det vere vanskelig å komme på kva man skal gi vekk i den kommande barnebursdagen. Man kan jo kjøpe små leiker, men så er det ikkje alltid lett å vite kva barnet har fra før. Men nokre ting er “forbruksvarer”, og blir brukt meir av enn andre ting. Dette kan vere:



Klistermerker (det er noko dei fleste liker å bruke)



Sokker, luer, hansker og votter med fine/tøffe motiv



Skrivesaker som fine/tøffe penner, blyanter, viskelær

Andre ting kan vere:

Tatoveringer

Reflekser forma som fine figurer

Hårpynt, lypsyl og smykker til jenter

Tusjer og fargeblyanter

Hobbysett

Penger er kanskje ikkje så spennande å gi vekk, men veldig kjekt å få.

Når eg kjem over fine smågaver så kjøper eg gjerne fleire stykker sånn at eg kan ha nokre liggande til eg treng det. Det er ikkje alltid eg rekk å reise til butikken før ungane skal i ein bursdag, og då er det greit å ha litt liggande. Og så kan eg jo bruke det i adventskalenderen også, når den tid kjem 🙂

……………………………………………………………..

Innlegget er skrevet av trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted, som er fast gjesteskribent her på Foreldremanualen.no.

Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

.

Jentene mine liker å ofte å lage korta sine sjølv når dei skal i bursdagsselskap. Då har dei gjerne laga korta i stor størrelse (ved å dele eit kartongark på 30,5 cm x 30,5 cm i to), men no ville vi prøve å lage korta i litt mindre format. Då ville dei vere enklare å lage og trong ikkje å pyntast like mykje som dei store korta.


Vi brukte ein kartong på 30,5 cm x 30,5 cm. Delte den i to. Og deretter delte vi kvar halvdel i 4 mindre deler. Når vi bretta korta fekk blei kvar side ca 7,1 cm x 7,6 cm. (Det blei 8 minikort av ein kartong)


Nokre av 10 åringen sine kort



7 åringen sitt kort



Nokre av mine minikort kan du sjå her og her

…………………………………………………………………………………….
Innlegget er skrevet av trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted, som er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no.

Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

.

Modellerleire, eller kitt som vi pleier å kalle det, er kjekt å holde på med. Det er ikkje så ofte vi bruker det, men det står alltid tilgjengelig for dei eldste sånn at dei kan finne det fram når dei vil.



Den første pakken med “kitt” kjøpte eg då eldstejenta var lita, ein frisør-pakke. Kitten er brukt opp for lenge sidan, men figurane har vi fortsatt.



Prinsessene kjøpte eg på salg ein gong, og Hello Kitty-kitten fann eg på Spar kjøp. I alle desse er det former i lokket som vi kan lage figurer av.







Men det er også kjekt å lage akkurat det man sjølv vil. Her lages det mat…



Sist det var tomt for kitt i hus, kjøpte eg denne store samlepakken på Spar Kjøp. Den burde holde ei stund 🙂

……………………………………………………………………….

Innlegget er skrevet av trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted, som er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no.

Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

Eg har forsatt papirdukkene frå då eg var lita, og også nokre frå den gongen mammaen min leika med sånne. Det var nok kanskje meir populært den gongen, derfor synest eg det er koselig når jentene sit og leiker med desse papirdukkene. Då sit eg gjerne litt med dei, ser på papirdukkene og mimrer om den gongen eg sjølv leika med dukkene.

Ein papirdukke-garderobe

For ei stund sidan kom eg over eit par blokker med ei papirdukke i og kle som man kunne fargelegge. Så eg kjøpte dette til jentene og putta i adventskalenderen deira eit år.

Jentene syntest det var kjekt å fargelegge og deretter klippe ut kjoler og andre klesplagg til papirdukka si.

……………………………………………………………
Innlegget er skrevet av trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted, som er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no.

Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

Her kommer et godt tips til unger som er glad i å tegne, men som gjerne vil ha litt variasjon!

Jentene mine er glade i å teikne. Nokre gonger teikner dei på frihand og nokre gonger teikner dei i teiknebøker eller på figurer som vi har printa ut fra internett.

Ein anna måte å teikne figurer på er å bruke stensiler med motiv som man kan teikne etter. Då er det enkelt for dei små å teikne eigne figurer som dei kan fargelegge etterpå.

Desse pakkane med stensiler fann eg på Ting. Der var fleire pakker å velge mellom, eg valgte ein med hestemotiv og ein med dragemotiv.

Det var 5 mønster i kvar pakke!

Sånn blei resultatet som 6 åringen min teikna. Etterpå måtte den fargelegges. 🙂

……………………………………………………………………………………

Innlegget er skrevet av trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted, som er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no.

Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

Sidan den gongen eg begynte å scrappe så har også jentene, spesielt eldstejenta, også hatt interesser for dette.

Ho har fått A4 kartong, limt bildene sine på desse og pynta litt rundt. Mellomstejenta har også fått meir lyst til å scrappe etterkvart som at ho har blitt eldre. No når dei har vore små, og scrappa mykje og raskt, så har dei fått scrappe i A4 størrelse. Då kan vi sette sidene dei lager inn i ein vanlig ringperm (gjerne i plastlommer).

Men no når eldstejenta har begynt å bruke meir tid på kvar side ho lager, så har ho no også fått eit større album der ho kan ha større sider (layouter) inni.

I tillegg til at eg framkaller bildene deira innimellom, så pleier eg også å bestille fleire kopier av mine eigne bilder. Desse set jentene inn i albumma sine, og så scrapper dei bildene når dei føler for det.

 

Sånn såg det ut på stovegolvet vårt i påska. Då hadde jentene og kusina deira fyllt golv (og stovebord) med scrappesaker.

Av og til får dei litt pynt og stæsj frå meg, og ofte har dei fått litt scrapbooking-pynt i adventskalendere og andre gaver som dei har fått. Dei har sine eigne esker og bokser til dette.

 

Dagen etter tok dei alt med seg ut, og scrappe ute på trappa.

 

Eldstejenta var heldig og fann eit bord ho kunne scrappe på. Dette bordet bruker vi egentlig inne på hobbyrommet når dei vil scrappe sammen med meg. Då er det kjekt for dei å kunne sitte ved sidan av meg og jobbe og spørre meg om tips.

Eg har også eit anna bord som står der inne, og som var meint til dei… men dette er merkelig nok ofte fyllt med andre ting. Derfor var dette bordet ei god løysing for oss (det kan leggast halvveis sammen når det ikkje er i bruk).

Jentene har òg eit lite bord som står i gangen utanfor hobbyrommet mitt. Her kan dei også sitte og scrappe (eller lese bøker sidan bokhylla deira står ved sidan av).

Dette bildet tok eg i april i fjor. Ho hadde fått lov til å la scrappesakene ligge på stovebordet eit par dager (sammen med mine), og denne morningen hang ho alle opp på stoveveggen. Dette var ein lørdag, så mannen min hadde stått opp med ungane mens eg fekk ligge litt lenger og sove.

Då eg stod opp fekk eg ikkje komme inn i stova heilt med ein gong, eg måtte vente litt for ho holdt på med ein overraskelse. Og då eg fekk komme inn hadde ho laga dette flotte galleriet med layoutene (scrappesider) sine!

Tips til barn og scrapbooking:

  • Barna kan klippe ut det dei ønsker seg fra leikekataloger og lime dette på eit ark. Det er kjekt for ungane å samle alle favorittane eller ønska sine på ei side, samtidig som at det blir ei ønskeliste og at den er fin å sjå tilbake på om nokre år. Ein kan også gjere dette med td blad fra bokklubben eller andre magasin og blader.
  • La dei lage ei side om kva favoritter dei har td av fritidsaktiviteter, kva dei liker å sjå på tv, bøker dei liker, favorittmat, favorittleiker o.l Dei kan skrive om kva dei liker ved venner dei har, søsken eller familie. Kanskje lage ei side om ferien eller bursdagen sin, noko dei har byggd med klosser, noko dei er ekstra glad i eller ei side om kva dei vil bli når dei blir store (finn gjerne bilder i magasin eller på internett)… Mulighetane er mange.
  • La dei gjerne ta bilder sjølv, la dei fortelle etterpå kvifor dei tok desse bilda, og så kan du skrive dette på sida deira (viss dei ikkje klarer det sjølv).
  • Tips til pynt dei kan bruke på sidene deira: Øydelagt hårpynt og crocspynt, perler (både nabbiperler og vanlige smykkeperler), binders, knapper, postkort, kort dei samler på, klistermerker, brikker fra spel/kortstokk som ikkje lenger er i bruk, la dei få klippe ut eigne figurer fra farga ark eller teikne sjølv. Ein kan òg printe ut mykje fint fra internett (då kan det vere ein fordel å bruke syrefritt papir eller kartong).

 

 

Her er ein layout eg har laga der eg prøvde å bruke mest mulig pynt som vi allerede hadde i hus: Smykkeperler, glitterlim, bokstavperler, glansbilder, crocspynt, pynt fra hårstrikk, hårklemme, bånd og eit gammelt leikebil-dekk! 

……………………………………………………………………………………



Trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no. Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!

Med fyrstikker så tenker ein gjerne på sånne som ein fyrer opp i ovnen med, eller tenner bål med.

Men eg hugser at eg, då eg var liten, laga hus med fyrstikker. Og då eg kom over denne typen fyrstikker på ein hobbybutikk, så kjøpte eg med meg ein pakke heim til mine små.

Eg tok dei fram ein dag vi alle var heime, og ungane hadde lyst til å lage noko.

Minstemann, på 4, syntest dette var spennande materiale å jobbe med, og han laga ein ved-haug som han leika med etterpå (han er ein liten jobbekar og elsker traktorer og uteliv).

Eg lot dei få prøve seg fram med fyrstikkene og lage det dei sjølve ville, men viste dei kva hus eg pleide å lage med desse fyrstikkene. Og derfor byggde mellomstejenta, på 6, eit flott fyrstikkhus.

Her set ho på plass mennesker utanfor.

Her prøver ho seg fram ved å sette fleire mennesker på rad og rekke, og ho hadde klare meininger om kven desse folka var.

Ein var pappa, ein var mamma, ein var ho sjølv og så blei det representanter for andre venner og familiemedlemmer.

Veninna til eldstejenta kom på besøk og begynte med dette kunstverket (grunnmuren til eit hus?)

Og eldstejenta laga både hus, utehus og Norges flagg.

Dette var ein koselig aktivitet for både små og store. Og neste gong vi tar dei fram så har dei kanskje endå fleire ideer til kva dei kan lage.

……………………………………………………………………………………


Trebarnsmamma Berit fra bloggen Berits sted er fast gjeste-skribent her på Foreldremanualen.no. Hun skriver om mammalivet, hverdagslykken, scrapping, hobbyaktiviteter, fotografering, interiør og gir oss mange gode mammatips!



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...